Ledige stillingar

Det varierer sjølvsagt om me har ledige stillingar eller ikkje, men du er velkommen til å senda oss din CV med tanke på framtidig rekruttering. Ta kontakt med oss på firmapost@vossenergi.no. 

Karriere i vår bransje?

Kraftbransjen treng 4000 nye tilsette dei neste 10 åra. Utfordringar knytta til etablering av ny fornybar energi gjer at næringa treng fleire ungdomar. Vidare skal linjenettet i heile landet fornyast og forsterkast.

Bransjen er i vekst!

Dette gjer me på grunnskulenivå

Voss Energi har fokus på å auka interessa for miljøspørsmål og alternative energikjelder, energibruk generelt og ikkje minst auka interessa for realfag. Difor gjennomfører me undervisningsopplegget «fornybar framtid» for alle 10-klassingar i kommunen. Gjennom oppgåveløysing skal elevane setja seg inn i globale utfordringar, men også dei lokale utfordringane me har på Voss. Beste gruppearbeid blir kåra på finaledagen.

Dette gjer me på vidaregåande nivå

Voss Energi samarbeidar med Voss jordbruksskule om eit nytt opplæringstilbod. Den 3-årige linja «Klima, Energi og miljø» gjev spesiell studiekompetanse til dei fleste naturvitenskaplege studiar på høgskulenivå.

Meir om studietilbodet.

Meir om utdanning i våre fag

 

 

Om oss