Voss kommune ønskjer å få vurdert ei skånsam kraftutbygging i Raundalen. Ei førebels kartlegging viser at ei moderat kraftutbygging kan gi verdiskaping i området utan at miljøet vert skadelidande. Ei utbygging vil frigjera verdiar som mellom anna kan brukast til veg i Raundalen og gunstige miljøtiltak. Det vil gi monalege inntekter til lokale grunneigarar og til kommunen. Ei utbygging vil gi meir fornybar energi som vil vera gunstig for klimaet. Raundalsvassdraget vart verna i 1986. Det er Stortinget som kan opna for ei moderat kraftutbygging i Raundalen.
Mykje har endra seg sidan 1980-tallet då utgreiingsarbeidet for verneplanen vart utført.
Kraftutbygging kan i dag skje langt meir skånsamt enn tidligare. I dei tidligare utbyggingsplanane for Raundalen var det snakk om å byggja store magasin. Det var planar om dammar som var 60 og 80 meter høge. Dette er ikkje lenger aktuelt. Ei eventuelle utbygging i dag vert utan magasin og dammar.
Deler av Raundalen og Mjølfjell er i dag ikkje eit ”urørt” område. Det går veg og jernbane gjennom dalen. Her finst mange hytter. Forsvart har eit stort skytefelt på Mjølfjell.
Voss har laga ein eigen energi- og klimaplan. Her heiter det: ”Den viktigast grunnen til å etablera ein eigen kommuneplan for energi, klima og miljø i kommunen er å få ein reiskap som sikrar planmessig ressursbruk i alle saker som vedrører energi, klima og miljø i kommunen. Voss kommune vil på denne måten kunna ta del i det viktige arbeidet for å møta dei globale klimautfordringane. Planen set kommunen sine eigne prioriteringar i samanheng med overordna nasjonale mål, og skal fungera som støtte for framtidig sakshandsaming i kommunen.”
Dette er bakgrunnen for at kommunen bad Voss Energi og BKK om å gjera ei skissemessig vurdering om det er råd å byggja ut ny grøn kraft i Raundalen på ein skånsam måte. Ubygginga må ikkje koma i konflikt med verneverdiane og viktige miljøomsyn. Utbygginga må vera ein kime til vidare utvikling i området.
Dette arbeidet har nedfelt seg i rapporten Verdiskaping i Raundalen som vart presentert for Voss formannskap 15. april 2010. Hovudkonklusjonane er desse:
· Det finst trulig utbyggingsprosjekt som kan gjennomførast utan at verneverdiane vert skadelidande.
· Ei skånsam utbygging vil kunna gi store positive ringverknader i Raundalen og i vossesamfunnet elles:
Ø Det vil utløysa midlar til å utbetra vegen gjennom Raundalen.
Ø Betre veg opnar for auka friluftsliv både sommar
og vinter, noko som vil styrke busetnaden og næringsgrunnlaget i dalen.
Ø Det vil utløysa midlar til miljøoppgraderingar. Det vil mellom anna kunna ytast midlar til tiltak for å berga vossolaksen.
Ø Vassføringa i Raundalselva varierer mykje frå dag til dag. Ei jamnare vassføring vil gi betre forhold for rafting.
Ø Ei utbygging vil gi monalige inntekter til dei lokale grunneigarane som sit på fallrettane.
Ø Produksjon av ny grøn kraft vil gi kommunen faste årlige skatteinntekter.
· Utbygging av vasskraft kan erstatta forureinande kolkraft på Kontinentet. Det vil
gi store reduksjonar i CO2-utsleppa. Ein årsproduksjon på for eksempel 600 GWh vil redusera dei årlige CO2-usleppa med 300 000 tonn, det same som utsleppa frå 120 000 bilar, meir enn heile personbilparken i Bergen kommune.
· Det er laga skisser for i alt ti kraftverk – frå små kraftverk til moderate utbyggingar
– frå 10 til 510 GWh. Alle kraftverka kan byggjast ut som sjølvstendige løysingar.
Kvar einskild løysing kviler ikkje på at andre løysingar vert gjennomførde.
· Eit moderat stort kraftverket kan byggjast i nedste delen av Raundalen med
kraftstasjon ved Skjerve og inntak ved Reime. Årsproduksjon: 510 GWh.
Kostnad: 1060 millionar kroner.
Nye kraftleidningar kan byggjast i eksisterande trasear, både gjennom Raundalen og eventuelt mellom Voss og Evanger. Kraftleidningen i Raundalen er gammal og lyt i alle høve skiftast om kort tid utan omsyn til eventuell ny kraftutbygging. Vert det bygt kraftverk på Skjerve (Bjørke), er det naturlig å leggja kabel herifrå til trafostasjonen på Haugo.
Rådmannen i Voss vil før sommarferien leggja fram ei sak for kommunestyret der han forslår å skipa eit utval – Raundalsutvalet - som skal sjå på alle vesentlige sider ved ei eventuell skånsam kraftutbygging i Raundalsvassdraget. Utvalet skal vurdera kva tiltak ei utbygging kan utløysa som kan styrkja miljøet og fremja vekst i området. Utvalet skal rå til kva føresetnader som skal leggjast til grunn - basert på aktuelle alternativ for utbygging og tiltak, innspel frå interessentar, faglige vurderingar og økonomiske forhold.
Raundalsutvalet inviterer med representantar for klima- og miljøsida, friluftsinteresser, bonde- og småbrukarlaget, grunneigarar, elveeigarlaget og fiske- og næringsinteresser i arbeidet. Kompetanse frå ulike fagmiljø vert kopla inn i relevante delar av prosessen.
I det vidare planarbeidet er det naturlig for Voss kommune å samarbeida med Voss Energi og BKK.
Intensjonen er at Raundalsutvalet skal levera ein sluttrapport i desember 2010.
Les rapporten her.
Kontaktpersonar:
Rådmann Einar Hauge, Voss kommune.
56 51 94 28 / 95 26 20 50
Einar.Hauge@voss.kommune.no
Styreleiar Per Kragseth, Voss Energi AS.
90 69 37 57