heim søk kontakt oss

Ladestasjonar for elbil
er no opna!

Du har kanskje sett søylene som har kommet opp på parkeringplassen i Strandavegen og i Rokneparken? Dette er ladestasjonar for elbil.

Voss Energi har bygget dei 6 fyrste ladestasjonane for elbil på Voss. 2 i Rokneparken og 4 i Strandavegen.
Stasjonane er bygget ved hjelp av offentleg støtte frå Transnova.
Styresmaktene har som målsetting av det skal rulla
200 000 elbilar på norske vegar innan år 2020. Då er vi avhengig av at infrastruktur for lading vert bygd ut over heile landet.

Tanken er at du skal kunne køyra lengre distanser med innlagt ladestopp undervegs. www.ladestasjoner.no vil frå 7. juni gi oversikt over alle etablerte ladestasjonar i Noreg. Du kan lasta ned eksakt plassering av ladestasjonane til din GPS. Filene du lastar ned er POI-filer som dei fleste typer bilnavigasjon kan visa. 

Du kan og lasta ned ladestasjonene til din Apple Iphone.  Apphusets iPhone-applikasjon LadeNå! oppdaterast no med oversikter frå ladestasjoner.no og kan lastast ned via App Store. Alle ladestasjonar er å finne - applikasjonen oppdaterer seg automatisk med nye ladestasjonar.

På Voss fyller du tanken gratis!
Det er enno ikkje utvikla eit fullgodt system for betaling, slik at inntil vidare blir all lading gratis.
Nøkkelen du trenger til ladestasjonen er standard R118. Alle med elbil har slik nøkkel. 

Lampa i toppen lyser slik:
Grønn:  Klar til lading.
Blå:       Lading pågår (støpsel i, lukka luke) 
Raud:   Feil. Kontakte oss.