Framsida > Kraftproduksjon

Kraftproduksjon


I front med fornybar energi og kompetanse - me tek ansvar lokalt, og engasjerer oss på fleire frontar. Vår livsttil, velferd og komfortable kvardag er særs energikrevjande. Eit av dei viktigaste spørsmåla for dagens generasjon er korleis me kan oppretthalda same energikrevjande livsstil utan at det får alvorlege konsekvensar for kloden vår.

Produksjon

Produksjon

Tanken om å skaffa seg elektrisk kraft byrja for alvor på slutten av 1800 talet i Noreg. Stalheim hotell var truleg fyrst ute på Vestlandet. Etter litt att og fram vart det i 1897 produsert straum i Rognsfossen som skulle forsyna ullvarefabrikken med kraft og Vossevangen med elektrisk lys. Trongen for elektrisk straum auka og Palmafossen kraftverk vart bygt i 1919 samt at planane for det storstilte prosjektet i Torfinno vart aktuelt. Ei av hovudutfordringane med dei store utbyggingane var at folk ikkje trengde så mykje straum som det ville bli produsert. Kor skulle ein gjera av all overskotskrafta? I dag er problemet omvendt.

Småskala kraftverk

Småskala kraftverk

Innføring av grøne sertifikat og auka fokus på klimakonsekvensar har ført til ei storstilt utbygging i Voss kommune. Det er planar for rundt 30 ulike vasskraftprosjekt som både vil gje grunneigarane gode inntekter samt ekstra fornybar energi inn på straumnettet. For å kunne selja straumen til dei som ikkje har like gode høve til å produsera fornybar energi som oss på Voss, er ein avhengig av større kapasitet i straumnettet. Dette medfører inngrep i naturen som av mange vert opplevd som negativt. I kraftprosjekt må ein ofte gje og ta, og så lenge fordelane er større enn ulempene for dei ålmenne interessene, gjev ansvarleg myndigheit løyve til å gjennomføra prosjekta.

Bioenergi på Voss

Bioenergi på Voss

Voss Energi vurderer stadig potensialet i dei fornybare energikjeldene som er rundt oss. Førebels er det potensialet i vasskraft og bioenergi som er mest aktuelt på Voss. Voss Energi satsar no saman med IHM på tørr skogsflis som brensel gjennom selskapet Hordaland Bioenergi AS. Me held til i ein stor jordbrukskommune med ulike typar råstoff som kan nyttast til energiformål. Biogass frå Landbruket er eit spanande råstoff som vil bli evaluert i tida som kjem.