Framsida > Kundesenter

Kundesenter


Ta kontakt med oss om du lurar på noko. Det kan vera noko på fakturaen din som er uklart eller noko du vil snakka med oss om. Me er her for deg!

Faktura

Lurar du på noko eller vil du endra på noko, så må du berre ta kontakt med oss på 56528300.

Skal du flytta?

Når du flyttar, må me ha melding frå deg for at me skal kunna levera kraft til deg i din nye bustad.

Ring Voss Energi Kraft på tlf 56 52 83 00, så får du eit nytt krafttilbod av oss. Du kan og nå oss på postkraft@vossenergi.no.

Det er fint om du har fylgjande informasjon klar til oss når du ringjer eller sender epost:

- målarstand
- målarnummer (og gjerne målepunkt-ID dersom du har dette)
- dato for overtaking

Vanlege spørsmål

Dersom du ynskjer 100% fornybar, varedeklarert kraft, så leverer me dette mot eit tillegg på 0,75 øre/kWh inkl mva. Send tinging til kundemottakkraft@vossenergi.no eller ring kundeavdeling kraft på tlf 56 52 83 00.

I praksis er det ikkje slik at den straumen du får gjennom stikkontakten er fornybar, men det betyr at Voss Energi garanterer at me har reservert og kjøpt vasskraftproduksjon tilsvarande det volum du nyttar. Straum vert produsert frå ulike energikjelder som kol, olje, gass, vindkraft, kjernekraft og vasskraft. Dersom du kjøper 100% fornybar, varedeklarert energi, er du sikra at pengane du betalar går til å investera i fornybar kraftproduksjon.

Mi Side på mobil

Du kan logga deg på Mi Side på mobil og nettbrett. Med responsivt desigen, skal du kunna finna fram til det meste der også. Det kan vera praktisk dersom du vil leggja inn ei målaravlesing.

Elsertifikat

Elsertifikat er ei økonomisk støtteordning som gjer det meir lønsamt å investera i kraftproduksjon basert på fornybare energikjelder som vatn, vind, sol og bioenergi.

Målsetjinga er 26,4 TWh (:milliardar kilowattimar) auka fornybar kraftproduksjon til saman i Noreg og Sverige innan 2020. Dette tilsvarar straumforbruket til meir enn halvparten av alle norske hushald. Frå 1. januar 2012 betalar alle eit lovpålagt påslag for kvar kilowattime me brukar.

Påslaget er lagt inn slik:

  • Avtalar knytta til innkjøpspris -> i månadsbeløpet som kjem som tillegg til innkjøpspris.
  • Fastprisavtalar -> i fastprisen.
  • Flytande avtalar (standard variabel kraftpris) -> i kraftprisen.

Elsertifikat er ikkje det same som opphavsgarantiar. Opphavsgarantiar er ei frivillig ordning som vert lagt til grunn for å varedeklarera kraftleveransar. Dersom du ynskjer å kjøpa 100% fornybar energi, må du tinga dette.

Kontrakt og angrerett

Du må inngå skriftleg kontrakt med din kraftleverandør. Når du har tinga ein avtale hjå oss, sender me deg kontrakta/ordrestadfestinga i retur til din epost.

Dersom du har tinga leveranse og angrar, fyller du ut angreskjemaet og sender det til oss seinast 14. dagar etter at du har signert kontrakten.

Send skjemaet til postkraft@vossenergi.no Er du usikker på noko så kan du ringja kundeavdeling Kraft på tlf. 56 52 83 00.

Standardvilkår

Fylgjande avtale definerer våre standard leveringsvilkår mot forbrukar.



Kontakt kundesenteret

Sentralbord: 56 52 83 00
E-post: postkraft@vossenergi.no
Bruk kontaktskjema