I front med fornybar Energi og kompetanse

Vår livsttil, velferd og komfortable kvardag er særs energikrevjande. Eit av dei viktigaste spørsmåla for dagens generasjon er korleis me kan oppretthalda same energikrevjande livsstil utan at det får alvorlege konsekvensar for kloden vår. Dei fossile energikjeldene vil ikkje vara evig og dei langsiktige konsekvensane av å nytta fossile kjelder vert antyda som negative frå fleire hald. For å snu den negative trenden må alle bidra. Voss Energi oppretta ei eige avdeling for fornybar energi i februar 2010. Målsetjinga er å vera i front med fornybar energi og kompetanse i vår region. Me vil samarbeida med privatpersonar og offentlege instansar om å utvikla lønsame og framtidsretta prosjekt på lag med naturen.


 

Voss Energi - Vinter Voss Energi - Vinter 2