Vossadagane lyftar blikket mot framtida

Vossadagane vert arrangert frå 19. til 22. mars, ein arena der næringsliv, kultur og bærekraft møtast. 

John Hammersmark

Vossadagane vert arrangert frå 19. til 22. mars, ein arena der næringsliv, kultur og bærekraft møtast. Årets hovudkonferanse, arrangert av Voss herad saman med Hardanger og Voss Næringshage og Voss Energi, vert ein stad for fagleg påfyll i toppklasse.

– Hovudkonferansen skal vera ein møteplass der ein lyftar blikket og ser det store biletet, og samtidig trekkjer linjene frå det globale og nasjonale til Vestlandet og Voss. Me vil stilla dei vanskelege spørsmåla, lyfta dagsaktuelle saker og motivera til godt leiarskap, sa Kaia Finne, næringssjef i Voss herad, til Avisa Hordaland.

Variert fagleg påfyll

Med eit program som dekker alt frå kraftkrisa og grønt hytteliv til kunstig intelligens og arealnøytralitet, lovar arrangørane ei rik og variert konferanse. Opningsføredraget held tidlegare utanrikskorrespondent Hans-Wilhelm Steinfeld, som vil dela innsikt om Europas politiske landskap før og no.

Per Berge, marknadssjef hjå Voss Energi, gler seg til arrangementet: 

– Me er glade for å kunna bidra til konferansen, det er eit sterkt og variert program i år, og me håpar at mange Vossabedrifter tek turen.

Vossadagane vil også by på motiverande føredrag frå profilerte talarar, inkludert John Hammersmark, kjend som «Kapteinen» fra Kompani Lauritzen, som avsluttar hovudkonferansen med innsikt om leiarskap og personleg utvikling.

Konferansen signaliserer ei veke fylt med kunnskapsdeling og inspirasjon, som avsluttast med Vossa Jazz. 

Me i Voss Energi håpar at både lokalbefolkninga og tilreisande finn inspirasjon i konferansen.