Solcelle

Me tilbyr Solkonto: Ei spesialtilpassa teneste for innbyggjarar i Voss Herad som vil lagra overskuddsstraum frå solceller i eit virtuelt «batteri».

Icon sun

Produser billig, selg dyrt

Vel sjølv når du vil ha overskotsstraumen din til fråtrekk på faktura.
User icon

Enkel i bruk

Uttak frå solkonto er enkelt å administrera frå Mi Side.
Icon discount

Ingen ekstra kostnadar

Det er ikkje ekstra eller skjulte kostnadar ved val av Solkonto.

Eit smart val for deg som produserer straum sjølv ved hjelp av solceller. 

 

Lagre straum når du går i overskot, og selg straumen tilbake til nettet når du ønskjer det.

Me tilbyr solkonto til våre plusskundar.

Med Solkonto frå Voss Energi kan du:

  • Sjølv velje når du vil ha overskotstraumen din til fråtrekk på faktura.
  • Enkelt gå inn på "Mi Side" å velja kor mykje du vil ta ut frå din solkonto.
  • Bruka den oppsparte overskotstraumen til å dekke beløpet for straum, ikkje nettleige og andre avgifter.

Det er ingen ekstra kostnadar med val av Solkonto.

Du kan ringe oss og endre avtale med å f.eks. velje å selge straumen din til oss. Når ein sel straum til Voss Energi får ein til ei kvar tid områdeprisen time for time i kundens leveringsområde frå straumbørsen NordPool. 

Produksjonen vert avrekna i lag med forbruksavrekninga. Med eigen solkonto kan ein spara opp overskuddstraum og sjølv styra når ein ønskjer å få det utbetalt, elles vil det bli trekt frå på fakturaen pr. mnd.

Ta kontakt med oss for bestilling av eller info om Solkonto i skjemaet nedst på sida, eller på tlf. 56 52 83 00 eller e-post postkraft@vossenergi.no.

 

OBS: Gjeld kun for privatkundar busett i Voss Herad. Gjeld ikkje bedrift/orgnr.

Bestill solkonto no!