Prisar på Flytande Kraft

 

Flytande Kraft er ein avtale Voss Energi Kraft hadde moglegheit til å tilby før, men det var inntaksstopp på denne i desember 2022 grunna nye forskrifter. Men det er stadig nokre kundar som står på denne gamle avtalen, så Voss Energi Kraft har valgt at desse kundane skal få behalde avtalen.

Flytande Kraft er ein variabel fastpris-avtale kvar ein blir varsla pr. SMS om eventuelle prisendringar. Dette blir varsla 30 dagar i forvegen. Kunden er sjølv ansvarleg for at rett telefonnummer er registrert hjå oss for å motta info om Flytande Kraft. 

Flytande Kraft baserar seg på spottprisen, men den går verken lika høgt eller lågt som spottprisen. Flytande Kraft gir hytteeigarar og folk med lavt forbruk (feks. einslege eller par i små leiligheiter) ein forutsigbar rekning. Ingen påslag og ingen månadsbeløp. Men då straumkompensasjonen baserar seg på spottprisen i vårt område, så er den ikkje anbefalt til personar med forbruk over 15.000 kWh. Og ein er sjølv ansvarleg for å sjekke prisane for Flytande Kraft opp mot spottpris (Vår avtale som følgjer spottprisen: Vossaspot). 

Her finn du vilkår for Flytande Kraft.

Prisar for Flytande Kraft: 


Frå 01.12.23 = 150,00 øre/kWh
Frå 23.12.23 = 187,50 øre/kWh
Frå 01.01.24 = 237,50 øre/kWh
Frå 22.02.24 = 150,00 øre/kWh
Frå 27.03.24 = 93,75 øre/kWh