Service på varmepumper

Me anbefalar service på varmepumpa annakvart år. Ei pumpe som vert tatt jamnleg service på, vil fungera meir optimalt og vara lenger.

 

Leaf icon

Frisk varmepumpe, frisk luft

Me sjekkar at varmepumpa di funkar som den skal.
Icon sun

Miljøvenleg

Jamnleg vedlikehald er lurt for deg og dine, men òg miljøet.
Icon heatpump

Maksimer straumsparinga

Ei varmepumpe som fungerer optimalt sparar meir straum.

Me anbefalar service på varmepumpa annakvart år

 

Dette vil forlenga levetida på pumpa. Ei pumpe som vert tatt jamnleg service på, vil fungera meir optimalt og dermed bruka mindre straum.

Det som vert gjennomført på ein hovudservice er:

  • Visuell kontroll av anlegget
  • Grundig rens av inne- og utedel
  • Måling av ytelsen til anlegget
  • Lekkasjekontroll
  • Funksjonskontroll

Pris på service:

  • Utan straumavtale med Voss Energi Kraft: 2.020,-
  • Med straumavtale med Voss Energi Kraft: 1.620,-

 

OBS! Grunna kondens i røyra og fare for skade på pumpa, vert det ikkje utført service dersom det er minusgradar. Ein kan likevel ringe inn og tinga service, så avtalar me tid når det er moglegheit for det. Det vert difor ein del ventetid dersom ein tingar service på vinteren og opplev noko kø på våren/sommaren. Me beklagar dette.

Kontakt oss for å tinga service på varmepumpe på postkraft@vossenergi.no eller telefon 56528300.

Bestill service på varmepumpe

Hugs å skrive adresse og utgreiande info om pumpa (namn på pumpa, servicehistorikk, alder, evt feil/manglar/ulydar osv.). Då får me all info me treng til å tinge servicen med ei gong og montørane er forberedt.