Om Konsernet: Voss Energi AS

Me forsyner Voss og omegn med fornybar vasskraft. Overskotet vårt gjev me attende til bygda. Konsernet har desse dotterselskapa: Voss Energi Kraft AS, Voss Energi Produksjon AS, Voss Fiber AS (80%), Hordaland Bioenergi AS og Tendranett AS. Voss Energi AS er heileigd av Voss Herad.

Vossenergi hjornevik arkiv 7401

Vasskraft på Voss

Straumen vår kjem frå produksjonsanlegga våre på Hodnaberg, Palmafossen og Rongsfossen på Voss. 

Me har fokus på berekraftig straumproduksjon, og har mellom anna vunne Samfunnsbedriftenes Berekraftspris 2024 for fiskevandringssystemet ved produksjonsanlegget vårt på Palmafossen. Voss Energi Produksjon AS står for produksjonen og vedlikehald av anlegga. 

Dagleg leiar: Rune Nesheim

Vossenergi hjornevik arkiv 07426

Overskot til bygda og fellesskapet

Overskotet frå Voss Energi går til å skapa ei levande og berekraftig bygd. Dette skjer både gjennom direktesponsing av idrett, kultur og arrangement, og gjennom at utbytet som blir att går til vår eigar Voss herad.

Voss Energi sitt totale bidrag til Voss herad og staten i 2022 var på over 140 millionar kroner.

  • 21 mill. i utbyte og renter på ansvarleg lån til Voss herad.
  • 5,8 mill. i skattar og avgifter til kommune.
  • 116 mill. i skattar og avgifter til staten.

I tillegg bidreg Voss Energi med kjøp hjå lokale verksemder, direkte sponsing og støtte til ei rekke lag og organisasjonar.

Sjå heile årsrekneskapen her

Vossenergi hjornevik arkiv 4871

Voss Energi konsern

  • Voss Energi AS er morselsskapet, heileigd av Voss herad.
  • Voss Energi Kraft AS er kraftleverandør. 
  • Voss Energi Produksjon AS produserer krafta.
  • Tendranett AS er nettselskap.
  • Voss Fiber AS leverer fiber- og breibandstenester.
  • Hordaland Bioenergi leverer fjernvarme til Voss sentrum, Myrkdalen og Vossestrand.

Leitar du etter Tendranett?

Her finn du nettsida til nettselskapet Tendranett AS.

Gå til Tendranett

Leitar du etter Voss Fiber?

Her finn du påloggingssida for kundar av Voss Fiber AS.

Gå til Voss Fiber
Vossenergi hjornevik arkiv 22054

Berekraft

Vestlandet er velsigna med bratte fjell og mykje nedbør. Å omdanna rennande vatn til straum er den mest naturlege, smarte og berekraftige måten å produsera straum i storskala på i vår del av landet, meinar me. 

Me er stolte av straumen me produserer, måten me gjer det på og ikkje minst det at overskotet frå verksemda vår gagnar bygda og alle som bur her – dette er berekraft for oss.

 

OPENHEITSLOVA - Utgreiing for 2023

Vossenergi hjornevik arkiv 7368

Styret i Voss Energi AS:

Styreleiar: Atle Netland

Nestleiar: Bjørg Djukastein

Dagleg leiar: Rune Nesheim

Styremedlemmar: Unn Fauskanger og Thomas Hårklau

Revisor: Deloitte AS

Varamedlemmar: Håkon Bø, Rune Rønhovdne, Kari Tesdal, Marita Garen, Hilde Lussand Selheim og Knut Olav Røssland Nestås.

Observatør: Dag Arild Jensen