Voss Alpin – bli med på ski!

Voss Alpin satsar på skileik, meistringskjensle og basisferdigheiter som kan gje skiglede resten av livet. – Alle er velkomne, bli med på ski! seier trenar Brede Herheim.

Vossalpin vossenergi vossfiber mediesmio sverrehjornevik 1455

– Alpint er ein fantastisk fin uteidrett for born. Det er ei stor glede for borna når dei kjenner at dei meistrar det, og med gode trenarar og instruktørar får ein fort fin utvikling på skiferdigheitene. Dette gir ein god og trygg basis for dei som vil halda fram med skikøyringa, seier Brede Herheim, ein av trenarane for dei unge rekruttane.

Voss Alpin er eit samarbeid mellom Voss IL Alpin og IL Ørnar Alpin, og om ein er medlem her kan ein vera med på trening.

  • Vossalpin vossenergi vossfiber mediesmio sverrehjornevik 1503

    Ekte skiglede! Bileta i artikkelen er tekne av Sverre Hjørnevik frå Mediesmio.

Skiglede

Rekruttane (6-10 år) held til på Myra i storslalåmløypa i Bavallen, der dei har eigen heis og tilgang på alt frå portar, hopp, skicross og laussnø. På hausten har dei innetrening i basishallen på Voss Gymnas.

– Skiglede, det er jo det det handlar om. Me er opptekne av å legga til for at alle skal kunna vera med, og me har fokus på variert skileik tilpassa ulike ferdigheitsnivå. Alle er velkomne, bli med på ski! seier Herheim entusiastisk.

Nokre nettlesarar slit med å få spelt av denne videoen. I så fall kan den sjåast på her Facebook-sida til Voss Energi.

Alpint heile livet

Olav Lødemel har vore med i Voss Alpin sidan 2005, og sidan 2014 har han vore leiar for klubben.

– Alpint er ein idrett du kan driva med heile livet. Me har medlemmar frå barnehagealder heilt til folk på 80+ i veterangruppa. Det er eit fint miljø for både ungar og foreldre, og det er ein kjekk utandørsaktivitet med frisk luft året rundt. Det er faktisk berre i juli me ikkje har treningar, fortel Lødemel.

  • Hovudtrenar Torbjørn Søgaard i Voss Alpin.

    Hovudtrenar Torbjørn Søgaard i aksjon. – Det er inspirerande å læra born og unge dei grunnleggande tinga som gjer at dei kan kosa seg på ski resten av livet, seier Søgaard.

Tett samarbeid

Lødemel legg også vekt på det tette samarbeidet med skilinja Toppidrett Alpint på Voss Gymnas. Voss Alpin skal satsa på bredde og rekruttering, og for dei som vil satsa vidare skal vegen vidare til nasjonalt nivå ligga open. Økonomisk er klubben glad for støtta dei får frå lokalt næringsliv:

– Me er heilt avhengige av den økonomiske støtta som lokalt næringsliv står for. Me er heldige som har mange gode sponsorar i bygda, og Voss Energi og Voss Fiber har vore viktige bidragsytarar i mange år, seier Lødemel.

Støtte til gode dugnadsfolk

Voss Energi og Voss Fiber er glade for å kunne bidra til å dyrka skigleda hjå vossingane:

– Skisporten er og har vore sentral for identiteten til bygda. Det er med på å få folk ut i naturen. Både heisbasert skikøyring og tur/langrenn er flotte aktivitetar som du kan ha glede av heile livet og med heile familien. Ein er avhengig å ha med gode dugnadsfolk for å ha eit bra tilbod, så om me kan vera ein medhjelpar til dette er det svært kjekt, seier marknadssjef Per Berge.

  • Rekruttar 6-10 år har skitrening på torsdager kl. 17.30
  • Om hausten har dei innetrening i basishallen på Voss Gymnas same dag kl. 16.15-17.30
  • U12-U16 trenar tysdag, torsdag og ein del helgar vinterstid.


Les meir om tilbodet til Voss Alpin her