Varmepumpe på avbetaling?

Voss Energi har ein gunstig avbetalingsmodell for kjøp av varmepumpe, og våren er ein smart tid å kjøpa på.

varmepumpe Adobe Stock 431528542

Visste du at Voss Energi har ein gunstig avbetalingsmodell for dei som vil kjøpa varmepumpe?

Om du er kunde hjå Voss Energi og bestiller varmepumpe hjå oss, så kan du velja å betala over straumrekninga. Investeringa kan fordelast ut på maksimalt 60 mnd (5 år). 

I tillegg til kjøpesummen lyt ein då betala eit månadleg administrasjonsgebyr på 45,-.

Kort ventetid

– Avbetaling over straumrekninga er eit populært tilbod som mange nyttar når dei kjøpar varmepumpe hjå oss, seier salsrådgjevar Stig Opheim Lygre.

Han vil og minna om at våren er ein god tid å kjøpe varmepumpe på:

– Me har god kapasitet og kort ventetid no på vårparten, både når det kjem til uforpliktande synfaring og installasjon. I tillegg er det lurt å hugsa på at ein kan få bruk for pumpa på sommarstid og, til kjøling, og pumpene brukar mindre straum på dette enn på oppvarming, fortel Lygre.

Slik kan reknestykket sjå ut:

Om ein kjøper bestselgaren Panasonic HZ25XKE med standard montering til 28 900,- og vel maks nedbetalingstid på 5 år (60 mnd) så vert reknestykket slik: 

Månadleg utgift: 482,- i nedbetaling + 45,- i adm. gebyr = 527,-

Totalsum: 31 600,-

Ein kan sjølvsagt også velja kortare nedbetalingstid og dermed betala mindre totalt i administrasjonsgebyr, eller ein kan "kjøpa ut" restsummen når ein måtte ynskja dette.

 

Les meir om våre varmepumper og delbetaling her