Skjema for opplysningar om angrerett

Skjema for opplysningar om angrerett

Den næringsdrivande fyller ut og gir skjemaet til forbrukaren. Ved korrekt utfylt skjema er opplysningane i angrerettlova § 8 første ledd bokstav h, i og j, jf. andre ledd, å sjå som gitte.
 

Angrerett

Du har rett til å gå ifrå denne avtalen i løpet av 14 dagar utan å grunngi dette. Angrefristen går ut 14 dagar etter at avtalen vart inngått. For å kunne bruke angreretten må du opplyse oss

Voss Energi Kraft AS
Brynalii 66, 5705 VOSS
56528300, epost: postkraft@vossenergi.no

på ein eintydig måte om at du vel å gå ifrå avtalen (t.d. i eit brev sendt i posten eller e-post).
 

Du kan bruke det vedlagde angreskjemaet, men det er ikkje obligatorisk.
 

For å overhalde angrefristen er det nok at du sender meldinga om at du vil bruke angreretten før angrefristen går ut.


Verknadene av å bruke angreretten

Dersom du går ifrå denne avtalen, skal vi betale tilbake alle betalingar vi har fått frå deg, medrekna leveringskostnadene (med unntak av tilleggskostnader som følgjer av at du har valt ein annan type levering enn den billegaste typen standardlevering vi tilbyr), utan unødig opphald og i alle tilfelle seinast 14 dagar etter den dagen vi fekk melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen.

Vi gjennomfører tilbakebetalinga med same betalingsmiddel som du brukte ved den opphavlege transaksjonen, med mindre du uttrykkjeleg har avtala noko anna med oss. 

I alle tilfelle vil det ikkje kome noko gebyr som følgje av tilbakebetalinga.

Dersom du har bede om at utføringa av tenestene (medrekna levering av vatn/gass/elektrisitet/fjernvarme) skal ta til før angrefristen går ut, skal du betale oss eit beløp som står i forhold til det som er utført eller levert fram til du gav oss melding om at du ønskte å gå ifrå avtalen, samanlikna med full oppfylling av avtalen.