Vilkår for Solkonto

Vilkår for Solkonto hjå Voss Energi Kraft AS.

Solkonto er ei spesialtilpassa teneste for deg som ynskjer å lagre din overskuddsstraum i eit virtuelt «batteri». I korte trekk inneber tenesta at du kan lagra overskuddsstraumen frå solcelleanlegget i vår nye Solkonto og ta ut tilsvarande kilowatt-timar seinare når du vil bruke den. Fråtrekket av kilowatt-timar vil redusere straumrekning di.

1. Generelt

Vilkåra gjeld for Voss Energi Kraft sine private kunder. Lokal nettleige og til eikvar tid gjeldande avgifter kjem i tillegg.

2. Prisar

Uttak av kilowatt-timer frå Solkonto gjeld kun straumdelen av kundeforholdet. Lokal nettleige og til eikvar tid gjeldande avgifter kjem i tillegg. Prisen for manuelt uttak vert basert på kunden sin straumavtale den aktuelle måned kunden ber om uttak frå Solkonto, minus mva. Om kunden vel å selja overskuddsproduksjon fortløpande, gjeld gjennomsnitt månedleg spotpris frå Nord Pool i kunden sitt prisområde.

3. Lagring

Overskuddsproduksjon av solkraft vert lagra i din Solkonto i kilowatt timar. Overskuddsproduksjonen kan lagrast i inntil 18 månader. Etter 18 månader vil overskuddsproduksjonen verta utbetalt til gjeldande månadsmiddelpris frå NordPool.

4. Avrekning og reglar ved uttak frå Solkonto

Du kan sjølv velja å ta ut ein valt mengde kilowatt-timer frå Solkonto. Uttak kan gjerast direkte av kunde via Voss Energi Kraft sin App. Uttak vil koma til fråtrekk på fakturaen for den månaden du bestiller uttak. Prisen for uttak vert basert på din straumpris den aktuelle måned du ber om uttak frå Solkonto. Du kan kun ta ut oppspart produksjon og ikkje produksjon inneverande måned. Uttak kan ikkje overskrida faktisk forbruk.

Dersom uttak frå Solkonto er større enn faktisk forbruk vil Solkonto verta trekt frå på seinare faktura.

5. Endring i vilkåra

Voss Energi Kraft forbeholder seg retten til å endra noverande vilkår. Disse endringane vil bli varsla på Voss Energi Kraft sine nettsider, mi side eller direkte varsel til kunde dersom det er valgt.

6. Avslutning av avtale eller kundeforhold

Dersom kunde ikkje ynskjer å spara straum på Solkonto, vil uteståande mengde kilowatt-timar som kunden har på konto bli gjort opp på neste faktura. Deretter vil kunden motta månadleg utbetaling av overskuddsstrøm. Viser til punkt 2 for gjeldande priser. Kunden kan selv velja mellom løpande utbetaling og sparing på Solkonto via Voss Energi Krafts App.

Dersom kunden seier opp straumavtalen sin med Voss Energi Kraft vil uteståande mengde kilowatt-timar som kunden har på konto bli gjort opp på neste faktura.