Vilkår for Vossaspot

Vilkår for Vossaspot frå Voss Energi Kraft AS.

Standard kraftleveringsavtale

Vilkår gitt i Energi Norge sin «Standard kraftleveringsavtale», av 01.01.2017, utarbeidd i samarbeid med Forbrukerombudet (noverande Forbrukertilsynet) gjeld.
 

Vilkår for straumleveranse frå Voss Energi Kraft

I tillegg gjeld vilkåra under:
I punkt 4 står vilkår for dei enkelte straumavtalane.
I punkt 5 står vilkår for tilleggstenester.


1. Generelle vilkår for Voss Energi Kraft

  1. Ved bestilling gir kunden Voss Energi Kraft fullmakt til å:
    • iverksetja og melda inn leverandørbytet til kraftbransjens felles datasenter Elhub.
    • innhenta nødvendige opplysningar for å gjennomføra leverandørbytet.
    • melda ut- og innflytting til Elhub ved flytting. Sjølv om avtalen med nettselskapet vert inngått av Voss Energi Kraft i samsvar med fullmaktene over, blir kunden fullt ut part i kontraktsforholdet med nettselskapet.
    • innhenta målerverdiar frå Elhub.
  2. Dersom straumanlegget er profilavrekna må Voss Energi Kraft ha motteke målarstand for å kunna starta straumleveransen. Målarstanden må ikkje vera eldre enn tre månader.
  3. Kunden, vil så lenge avtaleforholdet varar få tilsendt kundeinformasjon relevant for kundeforholdet, eksempelvis fakturainformasjon og informasjon om bruk av appen. Dersom kunden har samtykka får vedkomande aktuelle nyheiter, rabattar og relevante tilbod frå Voss Energi-konsernet og våre samarbeidspartnarar per e-post, SMS og sosiale media. Samtykket er gyldig inntil kunden trekkjer det, og tyder at kunden kan få aktuelle nyheiter, rabattar og relevante tilbod tilsendt etter endt kundeforhold for straum. Kunden kan når som helst trekkja samtykket.
  4. For å sikre at informasjon om kundeforholdet er lett tilgjengeleg for kunden samlar Voss Energi Kraft all kommunikasjon vedrørande kunden sitt kundeforhold og straumavtale i Mi side, med varsel til den e-postadressa kunden vel å nytta til kundekommunikasjon. Kunden er sjølv ansvarleg for at Voss Energi Kraft har korrekt personalia og kontaktinformasjon for kunden.
  5. Databehandlinga vert utført i høve til krava i Personopplysningslova.
     

2. Leveringsvilkår

  1. Straumavtalane som er skildra nedanfor er gjeld for personkundar.
  2. Voss Energi Kraft har rett til å foreta kredittvurdering av potensielle og eksisterande kundar og kan avslå/avslutta leveranse, krevja garanti eller forskotsbetaling frå kundar dersom resultatet av kredittvurderinga gjev sakleg grunn for det. Ved slikt avslag eller avslutning kan Voss Energi Kraft fristillast frå alle forpliktelsar etter denne avtale med kort varsel. Gjenpartsbrev vert sendt fortrinnsvis elektronisk.
  3. I dei tilfelle der kunden har angrerett gjev kunden Voss Energi Kraft høve til å iverksetja oppstart før angrefristens utløp. Dersom kunden likevel nyttar seg av angreretten, må kunden betale for straumen som blir levert fram til leveransen er avslutta.
  4. Ved flytting må kunden ta kontakt med Voss Energi Kraft for vidareføring av straumavtalen på ny adresse før flyttedato.
  5. Voss Energi Kraft får ved denne avtale fullmakt til å kontakta kunden for innhenting av nødvending informasjon for registrering av Voss Energi Kraft som leverandør på den nye adressa. Voss Energi Kraft får ved denne avtale også fullmakt til å kontakta kunden for å videresenda melding til innflyttar som skal overta straumleveransen på den gamle adressa.
  6. Dersom kunde bestiller straum til fleire anlegg, skal leveransen til nytt målepunkt vera underlagt same vilkår som kundens gjeldande avtale med mindre noko anna er skriftleg avtala. Dette gjeld imidlertid ikkje avtalar med fastpris, forvaltningsprodukt og andre avtalar som inkluderar bindingstid og/eller prissikringer.
  7. Voss Energi Kraft tek forbehold om prisendringar som følgje av endringar i dagens offentlege avgifter/pålegg, samt endringar i øvrige eksterne rammebetingelsar og annet for straumsalsverksemd i sluttbrukarmarknaden.
  8. Voss Energi Kraft kan etter denne avtale endra priselementa og avtalevilkåra med 30 dagars varsel, enten ved direkte skriv i kunden sin innboks i Mi side og med varsel til kunden si registrerte e-postadresse, eller på annan egnet måte valt av kunden. Dersom endringa er vesentleg, kan avtalen hevast med umiddelbar verknad dersom kunden ikkje aksepterar endringa. Priselementa kan justerast årleg i høve til endring i konsumprisindeksen, siste 12 måneder, uten nærmare varsel.
  9. Dersom Elhub (kraftbransjens felles datasenter) sender timesverdiar for kunden sitt forbruk, og kunden har timesavrekna straumavtale blir kvar time avrekna med gjeldande timesprisar. Fakturaen syner ikkje kvar enkelt time, men ein snittpris for faktureringsperioden.
  10. Kraftleveringsavtalar uten særskilt avtalt opphørsdato kan seiast opp av kvar av partane med 14 dagars skriftleg varsel, utan at det foreligg krav om sakleg grunn. Dette er eit avvik frå standard kraftleveringsavtale § 5-4.
     

3. Betalingsvilkår

  1. Kunder der Voss Energi Kraft mottek måleverdiar regelmessig frå Elhub gjennom året, kan som hovedregel få avrekning månadleg.
  2. Kundar vert fakturert når forbruksverdi er klar, og betalingsfrist vert satt til tidlegast 10 dagar etter fakturaproduksjonsdato. Beløpet blir berekna ut frå gjeldande straumpris ved faktureringstidspunktet og registrert forbruk i Elhub. Avrekning vert gjort basert på avlest eller stipulert målerstand. Fakturering vert gjort basert på verdiar oversendt frå Elhub.
  3. Priser vert opplyst om inklusiv merverdiavgift.
  4. Kunden gjev Voss Energi Kraft fullmakt til å motta faktura frå nettselskapet for nettleige med meir på sine vegne, slik at straum og nettenester kan fakturerast under eitt. Nettleigeavtalen og kontraktsforholdet mellom nettselskapet og kunden er likevel uforandra, selv om fakturaen vert retta til Voss Energi Kraft på kunden sine vegne. Ved heilt eller delvis misleghald av kunden sine forpliktelsar kan Voss Energi Kraft utan særskilt varsel gjenetablera kunden som fakturamottaker frå nettselskapet direkte.
  5. Kunden gjev vidare Voss Energi Kraft rett til å motta eventuelle tilgodebeløp frå nettselskapet på sine vegne. Ved betaling til Voss Energi Kraft er nettselskapet fri sin forpliktelse overfor kunden. Beløpet vert godskrive kunden av Voss Energi Kraft ved at det vert utbetalt frå Voss Energi Kraft eller godskrive kunden sin konto og avrekna i seinare oppgjer.
  6. Avtale om e-faktura eller annan elektronisk forsendelsesmåte eller avtale om gjentatte direkte debiteringar (avtalegiro) kan videreførast med Voss Energi Kraft AS (org. nr.: 918 7844 594) som ny avtalepart og betalingsmottakar, og underretning i høve til finansavtaleloven §26 ivaretakast av Voss Energi Kraft AS.
  7. Voss Energi Kraft anbefalar e-faktura eller annan elektronisk forsendelsesmåte. Dersom kunden vel ein annan fakturatype kan det koma fakturagebyr i tillegg, etter dei til einkvar tid gjeldande satsar.
  8. Dersom kunden ikkje betalar faktura innan forfallsdato, kan Voss Energi Kraft eller Voss Energi Kraft sin innfordringspartnar senda varsel om purring til kunden sitt registrerte mobiltelefonnummer eller e-postadresse. Ved manglande betaling innan forfallsdato vil forsinkelsesrenter bereknast frå fyrste dag etter forfallsdato. Dette gjeld også ved avtalt nedbetalingsplan. Forsinkelsesrentene kjem i tillegg til purregebyr. Voss Energi Kraft nyttar rentesatsen som er satt av Finansdepartementet.
  9. For betalingsutsettelse eller deling av faktura kan det påløpa gebyr i høve til gjeldande satsar.
  10. Dersom kunden ved opphør av kundeforholdet har beløp til gode hjå Voss Energi Kraft vert kun beløp over 50 kr utbetalt.
  11. Dersom kunde mottek ein fordel/rabatt/bonus kjem dette fram i informasjon i samband med bestilling. Dersom kunde har motteke fordel/rabatt/bonus kan Voss Energi Kraft krevja bindingstid for avtalen og evt. bruddgebyr ved avslutning av avtalen. Bruddgebyret tilsvarar verdien av fordelen/rabatten/bonusen som er gjeven. Oppstartsrabatt vert gjeve kun ei gong per straumanlegg. Vilkår for bindingstid vert avtala i kundens kontrakt.
  12. Avtaleperiode framgår av Mi Side. Avslutning av avtalen er regulert i Standard kraftleveringsavtale § 5. Dersom kunde har tidsbegrensa avtale eller rabatt eller liknande kjem opphørstidspunkt fram i informasjonen i samband med bestilling og i Mi Side for kunden. På Mi Side kjem det også fram kva vilkår som gjeld frå opphøyrstidspunktet.
     

4. Vilkår for Vossaspot

  1. Spotprisen er basert på Nord Pool sine områdeprisar time for time i leveringsområdet til kunden sitt målepunkt. Prisen på faktura vert vekta etter timesforbruket til anlegget i måleperioden. Dersom netteigar ikkje leverer timeverdiar for forbruk vil kunden få gjennomsnittleg områdepris frå Nord Pool i leveringsområdet til kunden.
  2. Avtalen Vossaspot har i tillegg eit fast månadsbeløp som er uavhengig av straumforbruk og eit variabelt påslag i øre per kWh. Avtalen garanterar same månadsbeløp og påslag i 12mnd. Voss Energi Kraft kan etter denne perioden endra priselementa og avtalevilkåra med 30 dagars varsel, anten ved direkte skriv i kunden sin innboks i Mi side og med varsel til kunden si registrerte e- postadresse, eller på annan eigna måte. I samsvar med Lov om elsertifikat inneheld påslaget kostnader til kjøp av elsertifikater.
  3. Faktura vert sendt månedleg.
  4. Begge partar kan fritt seia opp avtalen med 30 dagers varsel, uten at det foreligg krav om sakleg grunn.
     

5. Andre tenester og tilleggsvilkår

  1. Dersom kunden er registrert som plusskunde gjeld vilkår for Solkonto.
  2. Dersom kunden er registrert med «Pulsmåler», gjeld vilkår for pulsmålar.
     

6. Angrefrist

  1. Dersom avtale om kjøp av elektrisk kraft vert inngått ved fjernsal eller sal utanfor fast utsalsstad, gjeld bestemmelsane i «Lov om opplysningsplikt og angrerett ved fjernsalg mv.» Kunden kan gå frå avtalen utan å oppgje nokon grunn innan 14 dagar etter at avtalen vart inngått, rekna frå dagen etter avtaleinngåing, med mindre anna er uttrykkeleg avtala. Last ned angreskjema her.
     

7. Kundeservice

  1. Ved behov for råd og rettleiing kan kunden kontakta Voss Energi Kraft Kundeservice på tlf. (+47) 56528300. Kunden kan også skrive til Voss Energi Kraft Kundesenter via våre nettsider.
  2. Dersom kunde har motseiingar vedrørande kundeforholdet kan desse i fyrste rekke rettast til kundeservice. Dersom saka ikkje vert løyst kan kunden retta saka til Forbrukertilsynet, Elklagenemnda eller NVE.