Billigare enn du trur å kjøla huset med varmepumpe

– Når det er så varmt som no er det dumt å ikkje nytta kjølefunksjonen for det den er verd, seier marknadssjef Per Berge.

Vossenergi hjornevik arkiv 29870

Det har vore svært høge temperaturar på Voss og i landet for øvrig i det siste, og no i helga er det meldt tett opp mot 30 grader på Vangen!

 

I det høvet vil Voss Energi minna om at det er billigare enn ein skulle tru å bruka kjølefunksjonen til varmepumpa for å få ned innetemperaturen:

– Når ein fyrst har pumpa installert heime, og gradestokken byrjar å nærma seg 30 grader, så er det dumt å ikkje nytta kjølefunksjonen for det den er verd. Nokon trur kanskje at dette kostar mykje, men det trekkjer ikkje mykje straum. Det kostar mykje meir å varma opp om vinteren enn det gjer å kjøla ned no sommarstid. Men hugs å lata att vindaugo og dører når du kjøler, slik at du ikkje kjølar for "kråka", seier marknadssjef hjå Voss Energi, Per Berge.

Nokre få hundre watt

I gjennomsnitt brukar ei varmepumpe berre nokre få hundre watt i døgnet, ifølge denne artikkelen frå Varmepumpeforeningen. Dei reknar ein gjennomsnittspris på under 6 kroner dagen for bruk av varmepumpe til nedkjøling, med oppdaterte 2023-prisar. Desse tala kjem sjølvsagt an på ulike faktorar, som temperatur, størrelse på rom og varmepumpetype.

Ikkje kjøl for hardt!

Selv om det er fint å bruka varmepumpa til kjøling, er det og verd å minna om at det ikkje er lurt å kjøla for aggressivt:

– Viss ein køyrer på hardt med kjølinga brukar sjølvsagt varmepumpa meir straum. I tillegg er det ikkje godt for helsa, eg har opplevd det sjølv fleire gongar, å verta sjuk og forkjøla når air condition skapar stor temperaturforskjell inne og ute, fortel Per Berge.

 

Varmepumpeforeningen si informasjonsside finn du fleire gode artiklar med tips og triks om varmepumper.