Bygda doblar folketalet under Voss Cup

Voss Cup er bygdas desidert største arrangement, og i år vert det endå større. 

Viljar voss J11 kiwibanen mediesmio 1440

Med rekordmange lag påmelde og nye kunstgrasbanar under ferdigstilling ligg alt til rette for ein fantastisk fotballfest 16.-18. juni!

– Det har generelt vore lågare deltaking i barnefotballen sidan pandemien, så det at me har rekorddeltaking og kan bidra til å få born og unge tilbake til aktivitet er veldig gledeleg. Me hadde opprinneleg eit tak på 670 deltakarlag, men no har me gjort vårt ytterste for å finna overnatting og legga til rette for dei 733 påmelde laga, fortel turneringsleiar Hallgeir Finbråten.

 

Høgt spel

I november 2022 vart dei to kunstgrasbanene Kiwibanen og Olabanen i Prestegardsmoen heilt øydelagde av den store flaumen. Sidan då har fotballklubben verkeleg stått på for å koma i mål med å setja banene i stand igjen. Ein valde å fylla på med masser for å heva og flaumsikra banene.

– Arbeidet med å legga sjølve kunstgraset byrja no i slutten av mai, og me overtek dei banane 14, juni, to dagar før turneringa byrjar! Det er jo litt høgt spel, men det ser ut til å gå bra, fortel Hallgeir.

I tillegg til banane får FBK Voss i stand eit nytt idrettshus rett ved kunstgrasbanane, som dei skal dela med Voss IL.

8,5 km liggeunderlag og dobbelt folketal

Finbråten har rekna litt på Voss Cup-tala for å setja turneringa i perspektiv:

– Med 15 000 tilreisande doblar me folketalet på Voss, og 7-8000 dugnadstimer vert det same som 4-5 årsverk i løpet av ei helg! Spelarane søv på til saman 8,5 km liggeunderlag, og det går med rundt 10 000 pølser, 10 000 vafler og 10 000 is gjennom turneringa. 36 banar, 160 dommarar, 1480 kampar og 7000 spelarar – det er verkeleg eit gigantisk arrangement, seier Hallgeir entusiastisk.

Avhengig av lokalt næringsliv

Voss Cup får ikkje statsstøtte, og dei treng bidrag frå lokalt næringsliv for å kunne arrangera turneringa. Voss Energi er ei av verksemdene som bidreg, og marknadssjef Per Berge er glad for å kunne vera med på dugnaden:

– Som det største arrangementet i bygda er Voss Cup noko som verkeleg får mange folk til Voss, og gjev desse ei positiv oppleving her. Deltakarane på Voss Cup får tildelt ei opplevingspakke også, som gjerne gjer at mange kjem attende og får oppleve nye sider ved Voss. I tillegg bidreg pengane Voss Cup får inn til aktivitet for klubben gjennom året, som er viktig for born og unge i bygda. Ting heng saman, og viss me kan bidra til den dugnaden så gjer me det!, fortel Berge.

Turneringsleiar Finbråten er glad for støtta frå næringslivet i bygda:

– Voss Energi er ein stor, trygg og viktig samarbeidspartnar for oss og idretten på Voss generelt. Me er heilt avhengige av bidrag frå lokalt næringsliv for å kunne drifta det store anlegget me har her, det er ikkje billig, fortel turneringsleiaren.