Dette bør du gjera ved torevêr

Kva skal ein gjera med elektriske apparat når det er lyn og torevêr?

Vossenergi hjornevik arkiv 4870

I det siste har me fått fleire spørsmål frå folk som lurar på kva ein skal gjera med elektriske apparat når det er lyn og torevêr.

 

Me er no på veg inn i høgsesongen dette vêrfenomenet. Ifølge If skadeforsikring vert det registrert om lag 100 000 lynnedslag kvart år i Noreg, og nesten halvparten av desse skjer i juli månad.

 

Overspenningsvern

– Om ein ikkje har overspenningsvern montert i huset er det anbefalt å trekkja ut stikkontaktar til utstyr som kan ta skade, og ein kan eventuelt kopla ut i sikring om det gjeld fast tilkopla utstyr, seier Per Fosse, leiar for det lokale el-tilsynet (DLE).

Overspenningsvern brukast i elektriske anlegg for å beskytta tilkopla utstyr mot skadelege overspenningar og store energibelastningar.

– I Noreg er det eit krav at det i nye bustadar skal monterast overspenningsvern. Vidare vil vera fornuftig og god el-tryggleik å ettermontera overspenningsvern om ein ikkje har dette installert. Det er viktig at ein med jamne mellomrom sjekkar at overspenningsvernet er i orden – som oftast finn du brukarrettleiinga i sikringsskåpet som viser korleis dette skal gjerast. Vidare bør ein vurdera å ha finvern framfor elektronisk utstyr som PC, modem, TV, radio og liknande, fortel Fosse.

 

Det skadar aldri å kopla frå utstyret

– Om lynet slår ned nær bustaden din er det ikkje sikkert av overspenningsvernet klarar å takla all energien som oppstår, og då kan dette føra til skadar i installasjonane. For å vera på den sikre sida kan det uansett vera lurt å kopla frå utstyr når det er torevêr, og spesielt når torevêret nærmar seg bustaden, fortel Fosse.

 

Ver obs på skader

Har du mistanke om at uvêr har ført til overspenning? Nokon gongar kan skadar vera lett synlege, i form av misfarging og brente flekker på elektriske apparat. Andre gongar kan skadane vera vanskelegare å sjå, og dei kan føre til brann i etterkant.

Ikkje nøl med å ta kontakt med elektrikar om du trur at noko er gale med det elektriske anlegget.