Dette er Norgespris

Norgespris blir eit alternativ til straumstøtteordninga frå 01.oktober 2025. Du kan no logga deg på "Min Side" på Elhub.no og sjå kva som kan løna seg for deg. Her skal du også bestilla Norgespris. Dette vert det opna for frå 24.september.

 

Skrevet av: Marte Ramsoy

Vossenergi hjornevik arkiv 29039

Med Norgespris får du ein fast straumpris på 50 øre/kWh (inkl. mva.) både heime og på hytta. 

  • Statleg støtteordning og eit alternativ til dagens støtteordning
  • Fast straumpris kvar time heile året
  • Du beheld straumavtalen din
  • Fylgjer målepunktet og har 1 års bindingstid
  • Gjeld månadsforbruk opp til 5000 kWh for privatpersonar og 1000 kWh for fritidsbustadar

 

Slik tingar du Norgespris

  • Løysninga for tinging av Norgespris er klar på Elhub.no
  • Det er via nettsida minside.Elhub.no tinginga skal skje via signering med BankID. Les meir her.
  • Kontakt ditt nettselskap om du har spørsmål, treng hjelp eller ikkje kan bestille digitalt.
  • Har du fleire straummålarar, må du tinge Norgespris på kvar enkelt målar. Du kan velje om du ynskjer Norgespris på alle målarane dine eller ikkje.

Unngå svindel

  • Du bør ikkje klikke på lenkjer i e-postar
  • Ingen skal inn i bustaden din i forbindelse med Norgespris
  • Du må fortsatt ha straumavtale med ein straumleverandør
  • Netteigar eller kraftleverandør vil ALDRI be om BankID-passord eller liknande over telefon eller e-post.
  • Er du i tvil, ta kontakt med oss på postkraft@vossenergi.no eller tlf.: 56 52 83 00
Vossenergi hjornevik arkiv 29880

Bindingstid og maksgrense på forbruk
Norgesprisavtalen vil fungera som ei støtteordning, det vert opna for å velja inn avtalen frå 24. september. Norgespris vert administrert av netteigaren din (for eksempel Tendranett på Voss), på samme måte som dagens straumstøtteordning.

Du beheld straumavtalen du har hjå straumleverandøren din (for eksempel Voss Energi Kraft). Dersom straumleverandøren har gjennomfakturering vil du få alt på ein faktura. Det vil seia straum, nettleige og Norgespris-støtte. Har du ikkje gjennomfakturering får du separate fakturaer.


Bindingstid
Den fyrste perioden med Norgespris skal gjelda frå 1. oktober 2025 til 31. desember 2026. Etter dette vil det verta fastsatt ein ny fastpris frå 2027. Det skal være mogleg å bestilla Norgespris når som helst i løpet av året, du vil då ha avtalen ut 2026.

Avtalen vert knytta til målepunkt. Dersom ein ny eigar overterk målepunktet, ved eigedomsoverdraging el., vil avtalen og bindinga verta overført til den nye eigaren.


Maksgrense for straumforbruk i ordningane
I dag er det straumstøtte opp til 5000 kWh/mnd for hushaldningar, i den nye ordninga vil både straumstøtte og Norgespris dekka 5000 kWh/mnd for hushaldningar. For hytter og fritidsbustader vil Norgespris gjelda for forbruk inntil 1000 kWh/md.

Vedtak til lov om Norgespris og straumstønad til husholdningar

Vossenergi hjornevik arkiv 9235

Dette er Norgespris for fjernvarme:

Privatkundar og borettslag skal få tilbod om ein fast fjernpris på 50 øre/kWh inkl. mva. Basispris kjem i tillegg.

  • Statleg finasieringsordning som er eit alternativ til straumstøtteordninga
  • Fast fjernvarmepris kvar time heile året
  • Bestilles hos fjernvarmeleverandøren din
  • Fylgjer målepunktet og har 1 års bindingstid
  • Gjeld månadsforbruk opp til 3500 kWh i privathusholdning/bueining

Støtte til forbruk opp til 3000 kWh/mnd

Hushaldningar som brukar fjernvarme har i dag eit prisvern som tilsvarar straumstøtteordninga, men utan statleg finansiering.

Frå 1. oktober tek staten denne rekninga, slik at straumstøtten til fjernvarmekunder ikkje går ut over fjernvarmeselskapene.

Det blir i tillegg innført Norgespris for fjernvarmekundar. Både Norgespris og dagens straumstøtteordning vil gjelda for forbruk opp til 3500 kWh/md.

Kvar kan eg finne meir informasjon?

 

Me har oppretta eige side med spørsmål og svar om Norgespris som du finn ved å trykka på knappen nedst på sida. For å finne ut årsforbruket ditt, så kan du logge på "Mi Side" her på nettsida vår. Den finn du også nedst på sida. 

Finn ut ditt årsforbruk

Mi Side