Ein musikalsk møteplass
Årets Osafestival er rett rundt hjørnet, og me i Voss Energi er stolte av å støtta ein festival som både held viktige tradisjonar i hevd og gir rom for nyskaping.
Open og inkluderande
– Me er opptekna av å fremja folkemusikken som ein levande sjanger, med rom for eksperimentering og sjangerblanding. På mange måtar er festivalen ein musikalsk møteplass, der folkemusikken møter og får bryna seg på andre sjangrar og musikkformer, inspirert av Sigbjørn Bernhoft Osa sine visjonar for ein open og inkluderande folkemusikk, fortel Ida Heierland, festivalsjef for Osafestivalen.
Festivalen vert arrangert den siste helga i oktober kvart år, med rundt 40-50 konsertar over tre dagar.
Program for alle
Sjølv om festivalen har sterkt fokus på tradisjonsmusikk meiner festivalsjefen at det skal vera noko kjekt for alle på festivalen:
– Det er viktig å få fram at me har eit program for alle – ein treng ikkje vera "folkemusikk-nerd" for å ha det kjekt på Osafestivalen! Gjennom variert program satsar me på å nå både unge og eldre, røynde og nybyrjarar, seier Ida.
Døme på dette er mellom anna programposten "Musikalsk prøverom på to hjul", der fløytist Steinar Ofsdal hiv seg på sykkelen og lar born i førskulealder få utforska og prøva ulike tradisjonsinstrument.
Dei som er litt eldre kan melda seg på eitt av fleire "Prøv deg"-kurs på laurdag føremiddag, der ein kan læra å laga seljefløyte, spela munnharpe eller dansa folkedans. Ein treng ikkje spesiell røynsle for å vera med på desse kursa.
-
Festivalsjef Ida Dyrkorn Heierland. Foto: Sverre Hjørnevik/Mediesmio
God støtte lokalt
– Me er heilt avhengige av støtte for å stella i stand festivalen år etter år. Me er veldig glade for at me har så mange fantastiske frivillige, og me set stor pris på alle dei lokale bedriftane som er med å støtta kultur generelt og folkemusikken og Osafestivalen spesielt, seier Heierland.
Voss Energi er glade for å vera med å støtta den særeigne festivalen:
– Det er viktig at me har variasjon i kulturlivet lokalt, og Osafestivalen er ein viktig aktør innan både folkemusikk, klassisk- og samtidsmusikk. Det er flott at dei greier å løfta fram koplingane mellom desse musikkformane og samstundes inspirera nye generasjonar til å halda tradisjonsmusikken og -instrumenta i hevd, seier Per Berge, marknadssjef hjå Voss Energi.
Gratisbillettar til Voss Energi-kundar
Om du er kunde hjå Voss Energi og har lyst å gå på konsert under Osafestivalen kan det vera lurt å følga med på mobilen dei komande dagane.
– Me gjentek suksessen frå i fjor med å dela ut nokre gratisbillettar til kundane våre i førekant av festivalen. Følg med på sms i dagane før festivalen – me sender ut tilbod om å vera med i trekninga til alle kundar med telefonnummer registrert hjå oss, seier Berge.
Intervju med festivalleiar Ida Dyrkorn Heierland og opptak frå konserten til Synneva Gjelland under Osafestivalen 2022.