Fotballakademiet, for ekstra ivrige fotballungdomar

Hausten 2021 starta FBK Voss opp Voss Energi Akademiet, populært kalla Fotballakademiet, med Voss Energi som hovudsponsor.

Vossenergi fotballakademiet sverrehjornevik 8639

 Det har vore god vekst i antal deltakarar sidan oppstarten, og fredag 13. januar held Fotballakademiet fyrste trening for sesongen.

 

Påmeldinga til Voss Energi Akademiet er open gjennom heile sesongen.

– Fotballakademiet er eit ekstratiltak for dei aller ivrigaste jentane og gutane i ungdomsfotballen (8.-10. klasse), der me kan gje endå meir individuell oppfølging og ein litt annan type økter enn det dei er vande med frå lagfotballen, fortel leiar og trenar Magne Himle.

 

God start på morgonen

Hausten 2022 har Fotballakademiet hatt ei økt i veka for 36 påmelde ungdomar.

– Det at me har 36 ungdommar som vil stå opp ekstra tidleg måndag morgon for å trena tek me som eit godt teikn! Etter ein times økt frå sju til åtte er dei friske og opplagte til skulen. Av og til arrangerer me noko ekstra, som felles frukost, Bergens-tur eller andre sosiale tilstelningar, seier Magne Himle.

Tilbodet har slått godt an hjå dei unge fotballtalenta:

– Eg syns Fotballakademiet er gøy, det er veldig god trening og lærerikt, også er det en veldig god start på morgenen! seier deltakar Ingeborg (14).

 

Viktig støtte frå næringslivet

Det er Fotballklubben Voss som leier og driv satsninga, men ikkje utan god støtte næringslivet i bygda.

– For å få Fotballakademiet opp å stå var me heilt avhengige av å finne støttespelarar frå det lokale næringslivet. Me er veldig takknemlege for at me har Voss Energi med på laget som hovudsponsor, fortel Himle.

 

Lyst til å melde deg på Voss Energi Akademiet? Klikk her!

Sjå videosnutt frå Voss Energi Akademiet-trening på Facebook.