Høgsesong for bustadbrannar – sjekk røykvarslaren 1. desember
I perioden 2018-2022 var det 26 bustadbrannar i Voss kommune. Røykvarslaren reddar liv. Sjekk røykvarslarane på Røykvarslardagen 1. desember.
Alle bustader skal ha røykvarslarar eller brannalarmanlegg, og det må vera minst éin varslar i kvar etasje. Du bør testa røykvarslarane dine jamleg, og kvar gong du har vore bortreist i lengre tid. Det er også lurt å støvsuga varslarane regelmessig. Det gjer at dei varer lenger.
Sjekk røykvarslarane dine!
– Røykvarslardagen er ei viktig påminning om å ta branntryggleiken på alvor når vi no går inn i ei tid der det tradisjonelt oppstår mange brannar. Det viktigaste du kan gjera for branntryggleiken heime, er å sjekka at alle røykvarslarane i bustaden fungerer slik dei skal. Alarmen skal kunne høyrast tydeleg på opphaldsrom og soverom, også når døra mellom romma er attlaten, påpeiker Per Fosse frå elektrisitetstilsynet på Voss.
Fleire røykvarslarar gir større tryggleik. Viss du har ein bustad med mange rom eller fleire etasjar, bør du kopla saman røykvarslarane, slik at alle pip samstundes ved brann. Dette kan gi deg verdifull tid til å evakuere, til dømes dersom ein brann startar i kjellaren og du søv i andre etasje. Det kan vera med på å redde liv.
Røykvarslarar skal i regelen bytast ut etter åtte til ti år. Sjekk produksjonsdatoen på baksida. I rom med mykje støv og ureinske kan detektoren bli ustabil og ha kortare levetid.
Ekstra risiko i jola
– Levende lys, peiskos, bruk av komfyr og meir bruk av elektrisk utstyr utgjer ein ekstra risiko i jula, særleg i kombinasjon med inntak av alkohol. Gjer det difor til ein hugseregel å sjekka røykvarslarane og eventuelt byta batteri på Røykvarslardagen 1. desember, oppmodar Fosse.
Røykvarslardagen er eit samarbeid mellom brannvernforeininga, Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap, det lokale el-tilsynet, brannvesenet og Gjensidige.
På røykvarslerdagen.no finn du nyttig informasjon om tiltak som betrar branntryggleiken.
Tips til ei trygg og brannfri joletid
I tillegg til å sjekka røykvarslaren er det ei rekke andre ting ein bør vera merksam på når det kjem til brannfare i joletida. Her er nokre av dei viktigaste tinga å tenkja på:
Elektrisk jolepynt
- Ver merksam på at kontaktpunkt inne i elektrisk jolepynt kan verta dårleg over tid, noko som kan medføra varmgang med tilhøyrande brannfare.
- Slå alltid av jolebelysninga når du forlet huset, eller går til ro for natta.
- Kjøp jolepynt med god kvalitet. Sjekk at produktet er CE-merka.
- Bruk LED-belysning. Desse vert ikkje like varme som tradisjonell jolebelysning.
- Plasser elektrisk belysning i sikker avstand frå brennbart materiell.
- Bruk skøyteleidning og jolebelysning som er berekna for utandørs bruk når du pyntar ute (IP44).
Levande ljos
- Forlat aldri eit rom med levande ljos.
- Plasser alle ljos langt unna brennbart materiale som gardiner og jolepynt.
- Bruk alltid stabile ljosstakar som står stødig.
- Hald ljos og telys unna utanfor rekkevidda til dyr og små born.
- Vurder å bruka batteridrivne telys eller LED-ljos for ei tryggare, men framleis stemningsfull joletid.
Skøyteleidningar
- Kontroller at skøyteleidningar er i orden.
- Unngå at leidningar kjem i klem. Legg ikkje leidningar gjennom dørterskler eller vindauga.
- Unngå bruk av skøyteleidning til elektriske apparat som trekker mykje straum.
- Hugs at skøyteleidningen skal tilkoplast i same rom som utstyret den forsyner.
Andre elektriske installasjonar
- Energiforbruket aukar i jola, og det er då lurt å ta ein sjekk av dei ulike elektriske installasjonane i bustaden din.
- Mange brannar oppstår ved komfyren. Ver alltid til stade ved bruk. Monter komfyrvakt.
- Kontroller at sikringar ikkje har for høg temperatur. Ikkje oppbevar brennbart materiale i botnen av sikringsskåpet.
- Bruk rett storleik på lyspærer.
- Sjekk at sløkkeutstyr er i orden.