Kvar dag har vore ein fest!

Tida er komen for at Rune Nesheim trer av som administrerande direktør i Voss Energi AS. Han blei takka av på den årlege orienteringa til formannskapet førre veke av ordførar Tonje Såkvitne. Arne Tillung tek over stafettpinnen. 

Skrevet av: Marte RamsoyPublisert: 16. juni 2026

Rune presentasjon liggende

Torsdag 11.06 var det klart for den årlege orienteringa til formannsskapet og administrasjonene om Voss Energi.
I år stilte heile to konsernsjefar med kvar sin presentasjon. Rune tok seg av å presentera litt om konsernet sine aktivitetar og tala for fjoråret.
2025 leverte ei svært godt resultat. Rune kunne difor presentera overføringar til heradet på over 30 mill for 2025. Eit historisk høgt tal.

Arne presentasjon liggende

Vår nye konsernsjef Arne Tillung presenterte litt kva utfordringar som ligg framfor oss i åra frametter både når det gjeld kraftmarknaden og på distribusjonssida. Får me meir kraftproduksjon slik både NVE og Statnett skisserer? Og får me nok nett til å distribuera krafta der den skal brukast? Korleis bør kraftmiksen vera og kan me flytta forbruk av elektrisitet over på andre energikjelder?

Har me god nok beredskap i høve det verdsbiletet me har i dag? Mange gode tema som vekte debatt i salen.

Rune ordfører og styreleiar beskjært

Under middagen etterpå takka ordførar Tonje Såkvitne på rørande vis for det gode samarbeidet med Rune og måten han hadde tatt ho i mot som ny ordførar. Ho sette pris på delinga av erfaring og kompetanse om alle områda som Voss Energi held på med, og å samarbeida med ein roleg og stødig kar som Rune.

Me i Voss Energi ynskjer å takka Rune for mange gode år og det vil bli rart å ikkje sjå den velkledde og høge mannen trava bortover gangane her i tida framover. Men me ser fram til mange gode år med Arne Tillung i leiarstolen og me ynskjer Rune ei lang, minnerik og avslappande pensjonisttid - det er han vel unt! 

For å runde av tida som administrerande direktør, så har me spurt Rune nokre spørsmål om tida hans i konsernet: 

Rune ordfører og blom beskjært

Når starta du i Voss Energi og i kva stilling? Når vart du adm.dir.?
01.01.1986 Overingeniør i Voss Energiverk
01.06.1997 Adm.direktør i Voss og Omland Energiverk AS

Korleis kjenst det å endeleg få pensjonera seg? 
No kjennest det heilt greitt ut. Har lagt i planen lenge.

Kva skal du nytta pensjonisttida til? 
Har ein del påtenkte prosjekt som har lagt på vent lenge, no må dei kanskje bli til noko… Elles nyta livet både heime, på hytta og på reiser.

Kva er det beste minnet/minnene du har frå tida di i Voss Energi AS? 
Klarar ikkje velga ut noko spesiell hending. Kvar dag har vore ein fest!

Kva er det verste minnet du har frå tida di i Voss Energi AS?
Den dagen me hadde ei ulykke og ein av dei tilsette vart utsett for straumgjennomgang.

Kva kjem du til å sakne med Voss Energi AS?  
Alle tilsette.

Kva tips har du til den nye administrerande direktøren?
Ingen. Han har 54 flinke medarbeidarar som kan sine fagområde.

Om du skal beskrive tida di i Voss Energi med 3 ord, kva blir dei?
Givande. Utviklande. Ansvarsfullt.

Takk til Rune. Velkomen til Arne!

  • Begge to