Rekordmange vossingar skaffar seg solceller

I 2022 var det rekordmange nordmenn som skaffa seg solcellepanel til privatbustad, og så langt ser talet for 2023 ut til å verta endå høgare, ifølge tal frå Enova.

Voss sverrehjornevik 6581

Den same trenden gjeld i Voss herad, der 27 hushaldningar fekk Enova-støtte for solcellepanel i 2022, mot einsifra antal tidlegare år.

 

– Me merker godt at kundar er interesserte i dette, det har vore god auke i antal kundar med solcellepanel, og det er ein del anlegg på veg som skal installerast no i sommar. Tidlegare var det jo berre entusiastar og teknisk interesserte som dreiv med solceller, men no ser me at det er fleire som skaffar seg dette, fortel Per Berge, marknadssjef hjå Voss Energi.

Eit godt reknestykke

Voss Energi legg godt til rette for straumkundar med solcellepanel, blant anna gjennom enkel oversikt i app og på faktura over kor mykje straum ein sender inn på straumnettet.

– Høge straumprisar har gjort reknestykket betre for solceller på privatbustad, og i tillegg får ein støtte frå Enova for dette. Me glade for at våre kundar finn gode måtar å spara straum på, seier Berge.

Om ein vel å installera solcelleanlegg kan ein få opptil 47 500,- i støtte frå Enova. Dei gjev og støtte til energitiltak som smart varmtvannsbereder, balansert ventilasjon og oppgradering av bygningskroppen.

 

Det enklaste straumsparetiltaket

Solcellepanel og dei andre Enova-tiltaka kan vera gode alternativ for mange, men det aller enklaste tiltaket for å spara straum er framleis varmepumpe, meiner Berge:

– Du får ikkje pengar frå Enova for dette, men varmepumpe gjev svært god effekt for relativt liten kostnad. No på sommaren har me mykje kapasitet til å montera, så det kan vera lurt å hiva seg rundt og førebu seg med varmepumpe til vinteren allereie no, seier Per Berge.

 

Er du interessert i solceller? Voss Energi sel ikkje solcellepanel, men om du tek kontakt med din lokale el–installatør vil dei fleste ha forslag og løysingar til deg.

 

Voss Energi kan tilby avtale til deg som har solcelle. Trykk her.