Slik flyttar du straumen
Straumavtalen din vert ikkje med deg når du flyttar.
![Flytta straumen Adobe Stock 183304827](https://vossenergi.b-cdn.net/filer/_w800/flytta-straumen-AdobeStock_183304827.jpeg)
Når du flyttar får du altså ikkje automatisk straumavtale med Voss Energi Kraft sjølv om du har nettleiga hjå Vonett.
Du kan bestilla ny Vossaspot-straumavtale direkte i skjemaet nedst på denne sida, eller les meir om straumavtalane våre her.
Evt. kan du ringa tlf 56 52 83 00 eller send oss ein epost på postkraft@vossenergi.no, så får du eit nytt krafttilbod av oss. Hugs at du kun kan tinge straumavtale i ditt eige namn.
Skal du seie opp ein avtale utan å ta over eit nytt abonnement kan du melde frå på nettsida til Tendranett direkte på tlf 56 52 83 00.