Unngå dyr nettleige med døgnmaks i appen!

Nye funksjonar i appen gjer det enkelt å spara pengar på nettleige.

Small app vossenergi mediesmio sverrehjornevik 8605 dognmax kopi

Kva er nettleige?

Nettleige er leiga du betalar til nettleverandøren for å få nytta straumnettet. I 2022 innførte dei nasjonale myndigheitene ein ny modell for nettleige. 

Nettleige er no delt inn i energiledd og kapasitetsledd. Energileddet vert berekna ut frå kor mykje straum du har brukt i løpet av månaden. Kapasitetsleddet, som dei fleste no kallar døgnmaks, er litt meir komplisert.

Kva er døgnmaks?

Kapasitetsleddet på nettleiga vert rekna ut frå snittet av dei tre timane du brukte mest straum, fordelt over tre ulike dagar i løpet av månaden. Dette er det som kallast døgnmaks eller "gjennomsnittleg døgnmaks".

Korleis kan eg spara pengar på døgnmaks?

Ordninga legg altså opp til at dei som klarar å ha ein låg døgnmaks får billigare nettleige. For å få lågast mogeleg døgnmaks lyt ein spre straumforbruket utover dagen og unngå store toppar i straumforbruket.

Nye funksjonar i appen

Me har lansert nye funksjonar i Voss Energi-appen for å gjera det enklare å følga med på døgnmaksen.

Med "Døgnmaks for nettleige" får du hjelp til å passa på døgnmaks for å unngå dyrare nettleige. Denne funksjonen gjer deg oversikt over dei tre toppane i forbruket ditt, slik at du kan sjå tydeleg kva døgnmaksen blir og justera forbruket ditt på bakgrunn av dette.

Med "Live forbruksgrense" får ein sanntidsvarsling av nettleige når ein brukar så mykje straum at ein held på å gå opp eit trinn på døgnmaksen. Dette er kun tilgjengeleg for kundar som har pulsmålar i sikringsskapet.

Slik aktiverer du funksjonane:

  • Trykk på "Legg til" nedst i menyen i Voss Energi-appen. 
  • Under "Alle tilgjengelege" skal du sjå "Døgnmaks for nettleige" og "Live forbruksgrense". 
  • Trykk inn på kvar av desse og trykk "Koble til".

Funksjonane er no aktivert, og du vil sjå dei tre forbrukstoppane dine så snart dei er registrerte i appen.