Vårens vakraste eventyr

Me er stolte over å støtta Vossa Jazz, som har stått for nyskaping, kvalitet og musikkglede i eit halvt århundre. 50-årsdagen vert feira med brask, bram og utvida program i Palmehelga!

Vossajazz vossenergi mediesmio 07792

– Tenk at me har ein av landets eldste of mest respekterte festivalar her på Voss, det er jo heilt fantastisk! 

 

– Vossa Jazz har vorte eit fyrtårn innan norsk musikkliv, og det skal me feira skikkeleg med jubileumsfestivalen, strålar festivalleiar Trude Storheim.

Til jubileumsfestivalen har Vossa Jazz stelt i stand eit ekstra stort program med mangslungen musikk innan jazz, folkemusikk, pop, verds- og samtidsmusikk.

– Me er opptekne av inkludering, og me prøver å gje alle som er glade i musikk ein god grunn til å koma på festivalen, mellom anna med Badnajazz-, Superjazz- og Eldrejazz-satsningane våre. Eg trur det er dette som gjer at vossingane er så glade i festivalen – at me er for alle, seier Storheim.

Trude Storheim trekk fram dugnadsarbeid og lokale sponsorar som viktige grunnar til suksessen til festivalen:

– Me er jo heilt avhengige av gode støttespelarar, dei frivillige er jo kjempeviktige for oss, og me har og eit veldig godt samarbeid med næringslivet i bygda. Det gjev festivalen ei ekstra kraft å ha lokale støttespelarar med på laget!

Per Berge, dagleg leiar i Voss Energi, er glad for å kunne vera med å bidra til festivalen.

– Eg er stor fan av Vossa Jazz, og eg har mange gode minne frå festivalen opp gjennom åra. Dei set kulturbygda Voss på kartet, og det er me sjølvsagt veldig glade for å kunne vera med å støtta, seier Berge.

Den femtiande Vossa Jazz-festivalen går av stabelen 31. mars-2. april på Vossevangen. Nokre av trekkplastera til årets festival er Martha Wainwright, Nils Petter Molvær, Kari Bremnes, Ane Brun Sondre Lerche og Bare Egil Spellemannslag.