Voss Energi og Energiselskapet Hardanger kjøper Teltech AS

Voss Energi AS og Energiselskapet Hardanger AS har kjøpt opp fiber- og elektroselskapet Teltech AS. Med på kjøpet følgjer også Voss Elektro, dotterselskapet til Teltech.

Vossenergi teltectoppkjop mediesmio sverrehjornevik

Nye og gamle eigarar: Frå venstre: Leif Vestrheim frå Teltech, Rune Nesheim frå Voss Energi, Erlend Nornes frå Energiselskapet Hardanger og Johannes Rongve som no sel seg ut av Teltech. (Foto: Sverre Hjørnevik frå Mediesmio.)

Solide og lokale eigarar

Tidlegare hovudeigar Johannes Rongve starta opp Teltech i 2010 og var dagleg leiar fram til 2015, då han gjekk over til stillinga som dagleg leiar for Voss Fiber. I byrjinga jobba selskapet på oppdrag frå Telenor, før Voss Fiber vart største oppdragsgjevar. På det meste hadde Teltech AS 25 tilsette.

– Eg såg at tiden var moden for eigarskifte no. Det er mykje god kompetanse og viktige arbeidsplassar som er bygd opp i selskapet, og det er viktig å få sikra dette med solide og lokale eigarar. Det minkar på utbyggingsoppdrag på Voss, og då er det kjekt å få med Energiselskapet Hardanger på eigarsida, som opererer i eit område der det gjenstår mykje arbeid på fiberfronten. Som dagleg leiar for Voss Fiber er det sjølvsagt viktig for meg å få sikra ein lokal fiberentreprenør som kan vedlikehalda nettet vårt og hjelpa kundane våre, seier Rongve.

Fiberutbygging i fjorden

Leif Vestrheim er dagleg leiar i Teltech og godt nøgd med oppkjøpet:

Me ser svært positivt på dette, og me har no tilsett to nye medarbeidarar. Det er kjekt å sjå at me kan veksa, seier Vestrheim.

Med Teltech på laget skal Energiselskapet Hardanger satsa sterkare på fiberutbygging:

– Oppkjøpet kjem som ein naturleg del av satsinga vår på fiberutbygging i fjordområdet. Det er er framleis mykje trådlaust breidband og lite fiber i bakken i området, og det vil me gjera noko med, fortel Erlend Nornes, dagleg leiar i Energiselskapet Hardanger.

Energiselskapet Hardanger eig no 50% av Vossa-verksemda som held til på Istadmyrane, og Voss Energi AS eig den andre halvparten.

Fokus på energisparing og effektivisering

Med på kjøpet er og Teltech sitt dotterselskap Voss Elektro, tidlegare Horvei Elektro. Selskapet vert no heilt fusjonert inn i Teltech, som no skal ta i bruk undertittelen “Elektro- og fiberentreprenør”.

– Me held fram med elektroarbeid i Teltech, men fokuset vil vera på energieffektivisering. Vårt satsingsområde vil vera solcelleanlegg, elbillading og andre energisparande tiltak. Me ynskjer å finna vår eigen nisje her, men sjølvsagt vert fiberutbygging framleis det største fokuset, fortel Vestrheim.

Ein breiddeleverandør innan straum

Rune Nesheim, dagleg leiar i Voss Energi, ser oppkjøpet som eit naturleg steg for Voss Energi:

– Teltech har arbeidd lenge med fiberinfrastruktur-utbygging for Voss Fiber, og det var naturleg for Voss Energi å vurdera moglegheita for å kjøpa opp denne leverandøren no når høvet bydde seg. Saman med Energiselskapet Hardanger ynskjer me å styrka selskapet og den lokale kompetansen som Teltech har på fiber og breiband. Ved dette kjøpet sikrar me kontroll over ein større del av verdiskapinga knytt til utbygging av breiband og solceller, og me skapar betre tenester til kundane våre, frå rådgjeving til leveranse og installasjon, fortel Nesheim.

 

Avisa Hordaland har og skrive om oppkjøpet – les saken her (for abonnentar).