Voss Energi-appen

Følg med på straumprisen, hald oversikt over eige forbruk og lad elbilen når straumen er på sitt billigaste!

Service icon

Følg spotpris og eige straumforbruk

Så slepp du overraskinga når rekninga kjem.
Icon mobile

Smarte funksjonar

Lad elbilen når straumen er billigast!
Icon discount

Gode tilbod

Sjå alle fordelane i fordelsprogrammet vårt

Enkel oversikt og smarte funksjonar

Med Voss Energi-appen kan du:

  • Få full oversikt over eige straumforbruk
  • Følga med på spotprisen
  • Lade elbilen når straumen er billigast
  • Sjå fordelane i fordelsprogrammet
  • Følg forbruket i sanntid med app + pulsmålar
  • Følg med på døgnmaksen din for billigare nettleige
  • Sjå faktura og brukarinformasjon
  • Kopla til ulike smartprodukter
  • Følg med på kor mykje straum solcellene dine lagar

Personvern og vilkår:

Personvernerklæring for Voss Energi-appen.
Vilkår for Voss Energi-appen.

Du kan logga på appen med telefonnummer eller Vipps.

OBS! Eit målarpunkt kan ikkje ha fleire enn eitt registrert telefonnummer. Så dersom straumavtalen din står på for eksempel sambuaren din, så er det hans/hennar telefonnummer som må nyttast ved pålogging. 

Meir informasjon om Voss Energi-appen

 

Følg med på spotprisen

Via appen vår kan du sjå kva straumen kostar akkurat no, og halda deg oppdatert på prissvingningar gjennom døgnet og over tid. Dette er lurt viss du prøvar å spara straum. Då kan du sjekka prisen på appen før du set i gong med straumintensive aktivitetar som klesvask og bruk av tørketrommel.

Sjå eige straumforbruk

Gruar du deg til straumrekninga fordi du ikkje veit kor mykje straum du har brukt? Med appen vår får du sjå kva forbruket ditt har vore i det siste, og du får eit estimat på framtidig straumforbruk – så slepp du overraskinga når rekninga kjem!

Sjå forbruket ditt i sanntid

Vil du vita kor mykje straum du brukar akkurat her og no? Då treng du pulsmålaren vår – ein liten boks som enkelt koplast til sikringskapet ditt og sender informasjon rett til appen. Når den er installert kan du skru ned innetemperaturen eller slå på komfyren og sjå innverknaden på forbruket med det samme.

Pulsmålaren har ein kjøpspris på 499,-, og ein abonnementspris på 19,- i månaden. Trykk her for meir info og bestilling av pulsmålar.

Lad elbilen når straumen er billigast

Om du har ein elbil eller ladbar hybrid kan du enkelt styre ladinga frå appen! Om du vel "smart elbillading" kan appen sjølv finna ut kortid det er rimelegast, og setje i gong ladinga då. Med ladehistorikk kan du sjå kor mykje straum du har brukt på ladinga dag for dag, veke for veke, månad for månad eller år for år.

Få billigare nettleige

Me har lansert nye funksjonar i appen for å gjera det enklare å følga med på og begrensa "døgnmaksen". Les meir om døgnmaks her.

Med "Døgnmaks for nettleige" får du hjelp til å passa på døgnmaks for å unngå dyrare nettleige.

Med "Live forbruksgrense" får ein sanntidsvarsling av nettleige når ein brukar så mykje straum at ein held på å gå opp eit trinn på døgnmaksen. Dette er kun tilgjengeleg for kundar som har pulsmålar i sikringsskapet.

Slik aktiverer du funksjonane:

  • Trykk på "Legg til" nedst i menyen i Voss Energi-appen. 
  • Under "Alle tilgjengelege" skal du sjå "Døgnmaks for nettleige" og "Live forbruksgrense". 
  • Trykk inn på kvar av desse og trykk "Koble til".

Funksjonane er no aktivert, og du vil sjå dei tre forbrukstoppane dine så snart dei er registrerte i appen.